Sixteen Tons

Sixteen Tons
av Merle Travis
frå albumet Folk Songs of the Hills
Språk engelsk
Utgjeve juli 1947 (1947-07)
Innspelt 8. august 1946
Sjanger Folk
Lengd 2:50
Selskap Capitol
Komponist Merle Travis
Tekstforfattar Merle Travis
Låtskrivar(ar) Merle Travis
Produsent Lee Gillette
Tennessee Ernie Ford sin versjon av «Sixteen Tons» nådde førsteplassen på hittlista i USA.

«Sixteen Tons» er ein song om ein kolgruvearbeidar, basert på livet i kolgruvene i Muhlenberg County i Kentucky.[1] Han vart skriven og først spelt inn av Merle Travis i Radio Recorders Studio B i Hollywood i California den 8. august 1946. Cliffie Stone spelte bass på innspelinga.[2] Det var den første utgjevinga til Capitol på albumet Folk Songs of the Hills (juli 1947).[3] Singelen selde til gullplate.

Linja «You load sixteen tons and what do you get? Another day older and deeper in debt,» kom frå eit brev skriven av broren til Travis, John.[1] Ei anna linje kom frå faren deira, som var gruvearbeidar, som sa «I can't afford to die. I owe my soul to the company store.»[4]

Ein versjon frå 1955 vart spelt inn av Tennessee Ernie Ford og gjekk til topps på Billboard-lista,[5] medan ein annan versjon av Frankie Laine berre vart gjeven ut i Vest-Europa, der han gav konkurranse til versjonen til Ford.

25. mars 2015 vart det annonsert at Ford-versjonen skulle innlemmast i Library of Congress's National Recording Registry.[6]

  1. 1,0 1,1 «Sixteen Tons». Ernieford.com. 29. juli 1956. Arkivert frå originalen 8. april 2014. Henta 11. juli 2017. 
  2. «Archived copy». Arkivert frå originalen May 19, 2015. Henta 11. juli 2017. 
  3. «Advance Record Releases». Billboard. June 28, 1947. s. 119. 
  4. «You Load 16 Tons... Coal Mine Song Is a Gold Mine». LIFE. December 5, 1955. s. 183. 
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet pc9
  6. «National Recording Registry To «Ac-Cent-Tchu-Ate the Positive»». Library of Congress. 25. mars 2015. Henta 25. mars 2015. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy